Kontroversiell straffesituasjon då Hødd tapte årets andre treningskamp.

Få siste nytt om sport på Nordvestlandet. Følg SMP-sporten på Facebook!

-  Må du sluta att filma, seier ein spøkjefull Conny Månsson som spaserte forbi då smp.no intervjua Magnus Myklebust etter Hødds 2-1-tap mot KBK.

Men frå spøk til alvor seier Myklebust at både han og Månsson var einige om at det var eit klart straffespark då dei to gjekk over ende i første omgang. Sjølv om KBK var laget som truga mest i opninga, følte Hødd seg snytt for eit straffespark allereie etter ti minutt.

Torbjørn Kallevåg spelte gjennom Myklebust på høgresida, og gurskingen vart lagt i bakken av keeper Månsson. Dommar Mathias Kringstad valde derimot å la spelet gå – til Hødds store forundring.

Stolpetreff x2

Etter den kontroversielle situasjonen vakna gjestene frå Nordmøre, og i løpet av dryge fem minutt testa KBK dei blåkledde sin keeper Ole Monrad Alme – som bestod begge testane med to kvalifiserte redningar.

Nærmare var britiske Robin Shroot etter 36 minutt, som etter svakt KBK-press fekk skyte mot Månssons mål. Skotet small derimot i den lengste stolpen.

Rett før pause fekk også KBK høyre klirring i stolpane, etter at Jean Mendy fekk forsere rett mot Alme. Det såg ut til at ballen skulle smette inn ved stolperota, men spratt ut at. Returen fekk Alme ut til eit hjørnespark.

Berg-dobbel

Det store KBK-presset gav utteljing dryge elleve minutt ut i den første omgangen.

Rozhat Shaswari og Mendy fekk begge ein stor sjanse kvar til å sende nordmøringane i leiinga tidleg i den andre omgangen, men Alme fekk begge skota under kontroll. Til slutt skulle målet kome for KBK.

Daniel Berg fekk først avslutta på Alme, som gav retur. Forsøk nummer to sette Berg iskaldt i det høgre hjørnet, og sende med det kvittrøyene opp i leiinga. Same mann klinka ballen inn i det nærmaste hjørnet etter eit frispark berre nokre minutt seinare.

- Det er eit godt skot, så det er nesten berre å klappe i henda for slikt, skildrar Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen 2-0-målet til KBK.

Beite-scoring

Hans-Erik Eriksen følte behovet for å gjere endringar i laget, og byta inn Michael Karlsen, Sondre Beite og Bendik Torset. Det gav effekt med ein gong, og Sondre Beite smatt gjennom midtforsvaret til bortelaget – og sette enkelt inn reduseringa til 1-2 for Hødd.

Men sluttspurten kom aldri for Hødd, som berre måtte innsjå at det vart eit tap i den andre treningskampen denne sesongen.

- Vi må forvente på denne tida av sesongen at ting svingar, ting er ikkje perfekte. Vi ønskjer likevel å prestere betre enn vi gjorde, seier Hødd-trenar Eriksen.

Hødd-spillerne samlet før treningskampen mot Kristiansund BK. Foto: Svein Olav Humberset