Volda & Ørsta Ten Sing var vertskap for årets Vintertreff i KFUK-KFUM i Møre og Romsdal, der også 70 deltakarar frå Sogn og Fjordane var med.

- Det er utruleg gøy, men også slitsamt, for vi er vertskor og har mange oppgåver, fortel Stine Løseth i arrangørstaben.

Kva anna skjer? Sjekk kulturkalenderen.

Lærerikt

Løseth og dei andre i arrangørkoret synest det er gøy at så mange ungdommar kom til Ørsta, og dei synest det har vore lærerikt.

Vintertreff er Møre og Romsdal KFUK-KFUM sitt årlege ungdomsarrangement for aldersgruppa 13 til 20 år, og treffet har lange tradisjonar. Men det er fleire år sidan Ørsta har hatt treffet.

Les fleire kulturnyheiter her

Vellukka globalmarknad

Valderhaug fortel at nær 500 var innom treffet i løpet av helga. Nærare 350 deltakarar var med heile helga. I tillegg var hundre lokale konfirmantar med på dagtid laurdag. Og søndag kom i tillegg 40 utanfrå og var med på gudsteneste.

Til samanlikning var dei i fjor 270 deltakarar. Då var Sogn og Fjordane ikkje med.

Og alt gjekk knirkefritt:

- Ei veldig vellukka helg, oppsummerer Valderhaug.

Sunnmørsposten var innom laurdag ettermiddag, då ungdommane hadde globalmarknad til inntekt for ungdomsarbeid i YMCA på Sri Lanka. Ifølgje Valderhaug fekk dei inn heile 12.000 kroner på marknaden.

Gjør som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook