Ein gjeng i Nordfjord brukte å samlast for å spele fotball på fridagar. 17. mai i fjor var åtte stykker samla på ei fotballbane.

Kampen enda med armbrot for ein av spelarane.

Ein annan av spelarane blei tiltalt for vald og er no dømd til 24 dagar fengsel på vilkår, med to år prøvetid.

Spelte rått

I Fjordane tingrett har tiltalte forklart at mannen på det andre laget spelte rått, med mykje fysisk kontakt. Han ville ha ei unnskyldning, men det ville ikkje motstandare gi.

Armbrotet skal ha skjedd då fornærma prøvde å verne seg mot sparka bak.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Meiner han blei provosert

Tiltalte nektar straffskuld og meiner han blei provosert. Retten er ikkje einig i at det handlar om provokasjon, i lova si tyding.

Det blir vist til at tiltalte kjende til at fornærma har ein tøff spelestil. Ved å delta i kampen har han gitt samtykke til at slike taklingar kunne finne stad.

Erstatning for sommarjobb

I tillegg til ein betinga fengselsdom, må mannen også betale knapt 21.000 kroner i erstatning til motstandaren.

Med broten arm kunne han nemleg ikkje ta den sommarjobben han hadde fått tilbod om.