Siste: To personar er frakta til legesjekk, melder politiet klokka 18.40. Vegen blir då meldt å vere open att. Det blir oppretta sak etter hendinga og eitt førarkort er beslaglagt.

Naudetatane har rykka ut etter melding om eit trafikkuhell på fylkesveg 654 i Tjørvåg, skriv politiet på Twitter klokka 17.49.

- Fleire køyretøy er involvert i det som skal vere ein påkøyrsel bakfrå, og i alle høve ein av bilane skal stå i vegbana, fekk Smp.no opplyst ved politiet sin operasjonssentral like før klokka 18. Kort tid etter melder politiet at det dreier seg om to bilar.

- Involverte personar blir sjekka av ambulansepersonell og ein bensinlekkasje handtert av brannvesenet, heiter det.

Som følgje av ulykka blir trafikken dirigert på staden.

Foto: Carl-Henrik Moltumyr