Det byrja med ein klassisk krangel då forhandlingsutvalet for kommunesamanslåing mellom Ørsta og Volda hadde sitt tredje møte torsdag.

– Kommunesenteret bør liggje i Ørsta, sa ordførar i Ørsta, Stein Aam (Sp), og gjorde det klart at det ikkje var forhandlingsrom.

Men Dan Bjørneset (H) frå Volda prøvde seg likevel.

– Volda er kommunikasjonsmessig meir sentralt, og det vert forsterka når det kjem Voldatunell og ny E-39. Og sjukehuset og høgskulen ligg i Volda. Difor er det heilt naturleg at kommunesenteret ligg i Volda. Dessutan har Ørsta eit gammal rådhus som treng oppgradering, medan Volda sitt rådhus i praksis er nytt, sa Bjørneset.

Kompromiss-vilje frå Volda-ordførar

Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) synte vilje til kompromiss på dette kinkige punktet. Derimot stod han hardt på at Volda ikkje vil binde seg til å investere for tungt i Ørsta.

– Vi må ordne opp fram til 2020, og så må den nye kommuneleiinga starte med blanke ark, sa Amdam.

Etter at delegasjonane hadde gruppemøte løyste flokane seg. Volda går med på å leggje sentraladministrasjonen til Ørsta, men krev at «mjuke tenester» skal administrerast frå Volda.

Volda skal stå først i kommunenamnet

Dessutan skal Volda stå først i kommunenamnet. Ørsta på si side lova å vere kompromissvillig når det gjeld investeringar i åra framover. Det skal forhandlast om ein «balansepakke» der finansiering av stor idrettshall og symjebasseng i Ørsta står øvst.

Volda prioriterer finansiering av ein kommunal eigendel i det planlagde nybygget på Høgskulen.

– Vi har gjort eit gjennombrot som det er all grunn til å gratulere med, sa Jørgen Amdam då møtet vart heva.

Ørsta-ordførar framleis skeptisk til storkommunen

Forhandlingsmøtet viste tydeleg at ørstaordførar Stein Aam framleis er den største skeptikaren til storkommunen.

– Er du samd med Amdam i at det vart eit gjennombrot i dag?

– Det vart i alle fall eit gjennombrot for mine synspunkt når det gjeld plassering av kommuneadministrasjon, seier Stein Aam.

– Kva med nullstilling av kommuneøkonomien frå 2020?

– Dette treng vi å tenkje nærmare på, men eg trur det er mogleg å få til ei løysing.