Kommunestyret har slutta seg til eit framlegg til intensjonsavtale om kommunesamanslåing med Stryn, men noko retningsval er dette ikkje. For ei samanslåing med Volda og Ørsta seglar opp som eit stadig meir aktuelt alternativ.

– Vi har registrert dei nye innspela som har kome frå Ørsta og Volda, og er positive til dei, seier ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal.

På forhandlingsmøtet mellom Ørsta og Volda torsdag kom det fram at det er stemning både i Ørsta og Volda for å innlemme Hornindal i ein ny storkommune.

Hornindal satsar no på to ulike løp. Kommunestyret vedtok at forhandlingsgruppa til kommunen «skal avklare situasjonen knytt til Ørsta/Volda uavhengig av prosessen knytt til Stryn». I vedtaket er det og presisert at Hornindal helst vil at også Stryn skal vere med i ein eventuell storkommune med Volda og Ørsta.

– Volda og Ørsta har tilbod som er viktige for Hornindal. Vi ventar no på ein meir konkret invitasjon til forhandlingar. Det er for tidleg å gjere eit retningsval før vi veit meir, seier ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal.