Sivert ville først hente ei luftmadrass i sjøen, men vart nekta av foreldra fordi det var for djupt. Etter det kom det ei kvinne i 50-åra og ein tenåringsgut som la seg på madrassen og sumde utover.

– At dei tok luftmadrassen, gjorde at eg fylgde med. Og då dei hadde drive utover i nesten to timar utan å snu, forstod eg at det var ein alvorleg situasjon, fortalde Sivert til avisa Fjordingen.

Varsla

Guten slo alarm og eit vannsportsenter på stranda rykka ut.

– Dei reiste ut med hurtiggåande båt og henta inn igjen dei to. Det viste seg at dei var i oppriktig livsfare og dreiv utover med vind og straum, fortel ordførar Stig Olav Lødemel, som i dag overrekte blomster og diplom på vegne av Norsk Livredningsselskap.

Då dei badande var trygt i land, fekk guten stor takk.

– Sivert viste at han brydde seg og viste omsorg. Det er ganske godt gjort å følgje med på ukjende personar på ei madrass i to timar frå ei strand, seier ordførar Lødemel til smp.no.

– Ein veit lite om korleis det hadde gått om ikkje Sivert hadde varsla, men sjølv sa dei at han hadde bidrege til å redde livet deira, fortel Lødemel.

Claire Alfonso, president Norges Livredningsselskap(NLS), stadfestar overfor smp.no at Sivert i dette tilfellet redda ei vaksen kvinne og sonen hennar frå drukningsdøden.

Stolt og glad

Faren Arvid Sølvberg fortel til smp.no at familien er stolt og glad for utmerkinga i Hornindal kommunestyre.

Sølvberg fortel at dei som foreldre ikkje oppfatta kor alvorleg situasjonen var før etterpå. Faren hadde tenkt at dei ikkje var i naud fordi ein båt for tilsynelatande nære forbi. Det viste seg at det totalt var seks kilometer over til land, og difor meiner Arvid Sølvberg at turistane kunne ha vore så langt som to kilometer utpå då Sivert slo alarm.

– Det var berre han som følgde med den siste halvtimen, fortel faren.