To mindreårige asylsøkjarar blir etterforska for eit mogleg overgrep mot ei jente utandørs i Ulsteinvik, melder NRK Møre og Romsdal. Ifølgje kanalen vart saka meld til politiet førre veke, og dei mistenkte - to gutar mellom 15 og 17 år, budde på Link sitt mottak i Ulsteinvik.

– Det er inga valdtektssak. Vi etterforskar eit seksuelt overgrep, seier fungerande lensmann Leif Arne Mork i Ulstein og Hareid, til NRK.

Dagleg leiar i Link, Hallstein Saunes, fortel til NRK at dei to gutane er flytta til andre mottak.

– Politiet har pålagt gutane å ikkje oppsøke den andre parten i saka. Sidan dei gjekk på same skule som jenta, meinte vi det var rett å flytte dei. Det var rett, men det var ikkje lett å flytte dei, sidan dei førebels berre er mistenkte. Det er mindreårige det er snakk om her, seier Saunes.

Saka skal ha resultert i ein rykteflaum i bygda, og ordførar Knut Erik Engh (Frp), har involvert seg for å roe ned situasjonen.

– Vi i kommunen vil ikkje blåse opp situasjonen, men vi vil likevel vise til folk at vi tar saka på alvor, seier ordføraren til NRK. For å få ei balansert framstilling av saka skal kommunen ha bede skulen om å samle FAU, drivaren av asylmottaket og politiet.

Gjer som 25.000 andre - følg smp.no på Facebook.