Laurdag møtte stortingsrepresentant og integreringspoltisk talsperson for Høgre, Mudassar Kapur representantar frå Sula turlag og flyktningar frå Eritrea, busett i Langevåg, til ein kopp kaffi og te på Devoldfabrikken.

Kapur sit i et utval som skal forme Høgres nye integreringspolitikk på dette feltet. Vidare skal også regjeringa leggje frem ei integreringsmelding til våren. Difor er han no ute på ei lytterunde for å treffe menneske som jobbar med integrering i kvardagen. Dei beste eksempla skal brukast i regjeringa sitt arbeid med meldinga.

Men kvifor akkurat Sula?

- Nordmenns forhold til naturen er unik. Naturopplevingar betyr mykje for oss, og det å dele ei slik oppleving med våre nye landsmenn gjer at vi deler våre beste stunder med dei. Det er nettopp dette kvardagsintegrering handlar om. Dei små samtalene. Det å treffes, gjere noko saman og bli kjent. Det skapar tilhøyrigheit. Det er ingen politiske vedtak som kan få til det. Det er det berre menneske som kan, seier Kapur.

Sett i system

Og på Sula har dei sett dette i system. Folkehelsekoordinator Rune Liavåg fekk raskt svar frå Sula Turlag då han søkte etter samarbeidspartnar. Sidan i fjor sommar har derfor flyktningar fått ein arena for integrering gjennom å bli kjent med nærmiljøet sitt. Med fjellturar, bakedag og andre sosiale tilstelningar har flyktningane fått ein stad og praktisere norskkunnskapane sine, samt få innsikt i kva som ligg i naturen rett på utsida av stovedøra. Det er også mange planar framover.

- Vi skal på trugetur snart, det trur eg blir spanande. Vi har eit ønskje om å bli kjent med dei som bur på Sula, og vi har eit ønske om å vise det fram, seier leiar i Sula Turlag, Mariann Barstad.

Etter møtet laurdag skal Kapur til Geiranger og halde innlegg om kvardagsintegrering på Møre og Romsdal Høgre sitt årsmøte. Med seg i bagasjen har han rykande ferske erfaringar frå Sula.

Les meir om møtet og integreringa i papiravisa måndag.