Etter ein førebels mild og våt skisesong så langt, var det mange som nytta sjansen til å reise på fjellet og stå på ski når det endeleg var både snø og fint vêr laurdag.

- I dag er det perfekte forhold. Det har vore bra med folk og alle heisane går, fortel driftsleiar ved Sunnmørsalpane skiarena, Ole Robert Strømme, til smp.no. Han meiner at dagen i dag er den beste så langt i sesongen.

- Vêret og forholda gjer at dette nok er den beste dagen i sesongen så langt, seier han og legg til at stemninga er god blant dei besøkjande.

- Også i langrennsløypene er det mykje folk.

Solskinsdag

Også Strandafjellet skisenter fortel om ein flott dag med mange besøkjande.

- No er det endeleg skikkeleg vinter. Det er mellom åtte og ni minusgrader og snøen i løypene er silkemjuk. Vi har hatt mykje folk på besøk både i bakkane og i langrennsløypene. Det verkar som om folk har gleda seg til ein slik dag med fint vêr og snø, seier driftsleiar, Stian Græsdal. Han skulle likevel ønske at det kom enda meir snø.

- Eg kunne godt tenke meg å få ein meter til med snø. Vi har ikkje fått opna alle traseane på grunn av for lite snø, men dei som er opne har fine forhold.

Større fare for fallskadar enn skred

Lite snø og mildt vêr har gjort skredfaren i fjellet liten. Det fortel leiar i skredgruppa til Volda Røde Kors, Tormod Eldholm. Han er sjølv ute å går tur i fjellet når smp.no ringer.

- Det kan vere skredfare i enkelte leheng, men då er det berre snakk om små skred. Elles er snøen ganske hard så eg trur det er større fare for fallskadar enn skredskadar i dag, seier han og råder folk til å vere forsiktig på vegen ned igjen.

- Men det er berre å komme seg ut i fjellet i dag.

Leiar i skredgruppa til Røde Kors Volda, Tormod Eldholm meiner det er større fare for fallskadar enn skredskadar på fjellet laurdag. Foto: Privat.