Det melder banken i ei børsmelding.

SpareBank1 Søre Sunnmøre hadde i  2015 eit overskot i konsern etter skatt på 32,8 millionar kroner (100,2 i 2014).

- Resultatet er prega av vesentlege nedskrivingar på bygg i dotterselskap, auke i gruppevise nedskrivingar, eingangseffekter som tap ved sal av bygg og kostnader ved avgang administrerande direktør, skriv banken i ei børsmelding.

- Vidare er utbytte lågare samanlikna med fjoråret, og utvikling i avkastning på finansielle eignelutar er også sterkt redusert dette året.

Utvikling i underliggande bankdrift er stabil, og rentenettoen har i kroner auka med 7,7 mill. kroner i 2015 til 123,7 mill. kroner.

Størst på personmarknad

Forvaltningskapitalen i morbank ender på 8,19 mrd. kroner, og i konsernet på 8,25 mrd. kroner per 31.12.15, dette er ein nedgang på knappe 2 % frå 2014.

Utlån er i same periode auka med vel 4 % til 6,85 mrd. kroner i konsern før nedskrivingar. I all hovudsak er denne auka på personmarknaden. Av bankens totale utlån inkl. lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt utgjer personmarknaden 79,3 %.

Innskotsdekninga i konsern er på 77,1 % ved utgongen av 2015, som er på same nivå som for 2014.

- Bankdrifta i 2015 har vore prega av omstilling til meir digitalisering og effektivisering. Vi ser at denne utviklinga held fram, og banken vil tilpasse seg dette, skriv administrarande direktør Hallvard Bjørneset i pressemeldinga.