Ordførarar Knut Erik Engh (Frp) kalla måndag gruppeleiarane for dei politiske partia inn til eit drøftingsmøte om konflikten rundt unge einslege asylsøkjarar som har hatt undervisning på Ulstein ungdomsskule.

Ei av dei som følgde møtet er Reidun Angelika Bohinen, som er mor til ein ungdomsskuleelev.

Opplevde truande

– Nokre av asylsøkjarane har oppført seg på ein måte som jentene opplever som truande. Dei tafsar på dei, og vil ha telefonnummeret. Det har ført til at jentene har blitt redde, seier Reidun Angelika Bohinen.

– Det er sikkert mange jenter som synest at det var spennande med desse gutane, men når fleire av dei ikkje tør å gå åleine heim frå skulen, så er det eit problem. Vi fekk beskjed om å kontakte Link-mottaket, der dei bur, men eg synest ikkje at dei har tatt oss på alvor, seier Reidun Angelika Bohinen.

Konflikt

To av asylsøkjarane vart melde til politiet for noko som skal ha skjedd utanom skuletida. Desse to vart flytta frå Ulstein etterpå.

Men konflikten har eskalert, og det oppstod ein rykteflaum som ordførar Engh karakteriserer som «hinsides.» For to veker sidan vart heile klassen på 26 asylsøkjarar flytta frå ungdomsskulen.

– Etter flyttinga vart det ro i saka, og slutt på tekstmeldingane, sa ordførar Knut Erik Engh på drøftingsmøtet måndag kveld.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Ordføraren vedgjekk at han hadde «lagt sterke føringar» for vedtaket om flytting av klassen. Fleire av gruppeleiarane meiner at ordføraren si avgjerd kan oppfattast som kollektiv avstraffing. Men kritikken mot ordføraren er av det milde slaget.

Drøftingsmøte: Ordførar Knut Erik Engh (t.v.) saman med Eldar Knotten, leiar for levekårsutvalet.

Må integrere godt

– Eg vart forundra over vedtaket, men ordføraren var under sterkt press, seier leiar for levekårsutvalet i Ulstein, Eldar Knotten (V).

Oppvekstsjefen i Ulstein har foreslått å flytte dei yngste asylsøkjarane tilbake til ungdomsskulen, medan dei som er over ungdomsskulealder får undervisning andre stadar.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

På drøftingsmøtet signaliserte gruppeleiarane støtte til dette kompromisset.

– No må vi sjå framover og prøve å få til ei god integrering, seier Eldar Knotten.