- Målet er at dei skal kunne meir klokka tre i morgon enn det dei gjorde då dei kom hit klokka ti i dag, seier fotolærar Geir M. Brungot.

Han sit framfor dataskjermen og blar gjennom bileta til kurselevane sine. Geir er vand med å undervise kunstelevane ved Ålesund Kunstfagskule, no har han ei langt mindre gruppe å halde styr på.

– Dette biletet har eg teke langs vegen nedom skulen, seier Runa Lind Rogn. Ho har teke bilete av noko så enkelt som eit sprinkelgjerde som står litt på skeiva. Historia bak er også veldig enkel.

– Eg liker linjer, seier ho bestemt. Det treng nemleg ikkje å vere så komplisert.

– Det er slik du får dei beste bileta – ved å gå rundt og knipse det du likar, seier Geir.

Medan han blar igjennom bileta til Runa ser han linjene gå igjen, både som rennande vassdropar nedover berget, og som parallelle straumledninger i himmelsjå.

Enkelt og greitt

Den første dagen av kurset brukar dei på å gå igjennom kamerainnstillingar. Britt Vartdal Klungnes melde seg på kurset fordi ho synest kameraet ho fekk i gåve har alt for mange knappar.

– Heldigvis treng du ikkje eingong å bruke halvparten for å ta fine bilete, seier fotolæraren.

Finn din stil

På andre sida av døra sit ein konsentrert gjeng med nasen i teikneblokka. Andreårselev Glenn Tommy Torkildsen underviser i kunstforma teikneserie.

– Alle har eit forhold til teikneseriar, her får dei moglegheita til å vidareutvikle det, seier Glenn Tommy.

Dei tre jentene rundt bordet er framleis i første fase: Idèutvikling. Først må ein ha ein karakter – deretter ei historie.

– Det her er ein gut. Han har nettopp sett ei jente som han er veldig interessert i, og har lyst til å kysse. Det gir mange moglegheiter for grimasar, seier Florence Mossberg og ler.

Dei små skissene som dekkjer arket hennar skal til slutt bli ei heil teikneseriestripe. I morgon skal stripene ferdigstillast.

– Kanskje har eg snudd heilt om på planane mine før den tid, seier ho og ler.

Geir M. Brungot fortel kor avgjerande det er med rette linjer i eit bilete. Vatn som ikkje er vassrett gjer deg svimmel! Foto: Ticiane Oliveira
Før dei tek til med sjølve stripene, må kursdeltakarane finne seg ein karakter. Foto: Ticiane Oliveira
Karakteren som Florence Mossberg lagar til sin teikneserie er ein ordentleg trynevrenger. Foto: Ticiane Oliveira