Eit samla kommunestyre i Volda går inn for å innleie forhandlingar om kommunesamanslåing med Hornindal og Stryn. – Vi snakkar også gjerne med Eid og andre, framheva fleire i kommunestyret.

Forhandlingsnemnda for kommunesamanslåing fekk dermed utvida sitt mandat, « til også å gjelde forhandlingar om intensjonsplan med desse kommunane.»

– Mandatet dekkjer både forhandlingar om mogeleg samanslåing, og i alle høve samarbeid for å utvikle regionen med visjon om å kunne ta ein posisjon mellom Ålesund og Førde, står det i vedtaket.

I kommunestyret ivra fleire,mellom dei Odd A. Folkestad (Frp), for at Volda også skal snakke med Eid. Ordførar Jørgen Amdam (Ap) viste då til at det ikkje har kome noko utspel frå Eid om samanslåing med Volda. Men ordførareren stilte seg likevel open.

– Det blir ikkje lett å manøvrere her, men eg foreslår at vi avgrensar oss til Hornindal og Stryn i vedtaket, så får vi handtere andre henvendelsar etterpå, sa Jørgen Amdam.

Volda har alt forhandla med Ørsta om samanslåing, og her er ein intensjonsavtale klar.