Dette vart vedtatt av Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal. Administrasjonen hadde bede utvalet om å vurdere å kutte ut den tredje ferga, som ein del i ei vedtatt budsjetinnsparing på 18 millionar kroner.

Utvalsleiar Kristin Sørheim (Sp) foreslo å utsetje saka til neste møte i Samferdsleutvalet, og fekk fleirtal for det.

– Utvalet ber fylkesrådmannen undersøke om det er muleg å oppretthalde tilstrekkjeleg kapasitet med ei stabil toferjeløysing. Trafikktala for februar og mars skal vurderast, likeeins korleis ein skal sikre seg ei forsvarleg reserveferjeløysing, står det i vedtaket.

– Mykje trøbbel

Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti foreslo å leggje vekk forslaget om kutt i ferje nummer tre for godt.

– Det har vore mykje trøbbel i dette sambandet, og vi kan ikkje redusere kapasiteten, sa Frank Sve (FrP) på vegner av dei tre partia.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Dette handlar eigentleg om at samferdslepolitikarane i fylket er leie av problemferja «Ullensvang». Samstundes innser dei at det er lite dei kan gjere for å få ferjeselskapet Norled til å finne ei anna ferje.

– Utsetje problemet

Heidi Nakken (H) meinte at ei utsetjing ikkje løyser noko problem.

– Ei utsetjing er berre å utsetje problemet til neste møte. Vi får ikkje på plass ei ferje som kan skape stabilitet i sambandet på så kort tid, meinte Nakken.