Snøkrabba gjer som kongekrabba og vandrar inn i Barentshavet. Men den likar kaldt vatn og held seg førebels lenger nord- det vil seie i områda rundt Svalbard. Dermed er dette ei fiske for den havgåande flåten.  Dei første eksemplara av snøkrabbe vart fanga i Barentshavet i 1996.

- Sidan har den spreidd seg raskt, og i løpet av få år vil den dekke det meste av Barentshavet i område ned til 500 meter, seier forskar Carsten Hvingel frå Havforskningsinstituttet.

Han er ein av innleiarane på konferansen Fish Tech i Ålesund. Her fekk folk frå næringa torsdag eit innblikk i det som kan bli eit nytt stort fiskeri.

- På sikt kan potensialet for fangst vere på 50.000 – 150.000 tonn i året. Det vil seie ein fangstverdi på førstehand på rundt 2,7 milliardar. I så fall vert dette den nest viktigaste arten i Barentshavet, etter torsk, sa Hvingel.

Pest og ressurs

Forskaren understreka at det er mange usikre faktorar, mellom anna knytt til korleis økosystemet vert påverka av den nye arten. Det kan ha både negative og positive sider.

- Den kan vere både ein pest og ein ressurs. Men forsøk har vist at snøkrabbe kan ha gunstig effekt på torske- og hysenbestanden sidan den grev opp biomasse som går oppover i systemet, sa Hvingel.

Fiskarar frå fleire nasjonar er alt på plass, noko som alt har skapt utfordringar i forhold til forvalting. Forskaren åtvara mot «klondykefella».

-        Det kan bli overkapasitet og då kan heile systemet kollapse. Det skjedde ved Vest-Grønland då snøkrabba kom dit. Så det blir ein stor jobb for dei som skal forvalte dette, sa Hvingel.

Ein av dei norske pionerane, Arne Birkeland, er også på Fish Tech. Han satsar med båten «Northeastern».

-        Dette er høgrisiko, sa Birkeland på konferansen.