Utvalet konkluderer med at fakturaene frå advokatfirmaet Wiersholm AS og DHT Corporate Services AS til fylkeskommunen er tilstrekkeleg dokumenterte.

– Eit samrøystes kontrollutval vedtok at dei ikkje kan sjå at fylkeskommunen sine eigne rutinar, eller lov og forskrift, er brotne i samband med utbetalingane. Og kontrollutvalet finn ikkje grunnlag for å gjennomføre ytterlegare undersøkingar eller kontrollhandlingar i saka, heiter det i ei pressemelding sendt ut fredag.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

I ei gjennomgang av saka frå fylkesrådmannen som blei sendt ut til møtet, kjem det fram at fylkeskommunen betalde 11,6 millionar for jobben konsulentane gjorde.

Har fått alle bilag

Utvalsleiar Frank Willy Djuvik opplyser at dei har fått tilgang til, og gått gjennom samtlige bilag til fakturaene. Så lenge det ikkje er funne avvik ut frå fakturaene meiner utvalet det ikkje er grunnlag for å krevje innsyn i dei enkelte personalmappene til tilsette i selskapa.

– Bilaga er spesifisert ned til minste detalj, og bilagskvaliteten er langt betre enn det både bokføringslova, og fylkeskommunen sine kontrollfunksjonar krev. Alle utlegg og reisekostnader som mellom anna flybillettar, overnattingar, diett og bespisning er grundig spesifisert og dokumentert i bilaga, og er kontrollerte opp i mot aktiviteten til, og avtalen med, Wiersholm/DHT, seier utvalsleiar Djuvik.

Revisjonen skal sjekke

Likevel har utvalet bedt SF Revisjon vurdere om dei meiner avtalen er i samsvar med lova om offentlege anskaffingar.

– Vi er ikkje fagpersonar på innkjøpsreglane, og difor finn vi det naturleg å be revisjonen om å gjere ei skikkeleg fagleg vurdering av om lover og reglar er følgd i samband med avtalen, avsluttar Djuvik.