– Det er stor byggeaktivitet her i bygda no. Og det er artig. Mange arbeidsfolk er i sving, og det er lys på anleggsområda til langt på kveld, seier ein begeistra Norddal-ordførar.

Oppe på Syltemoa, vegg i vegg med skulen, blir det bygd idrettshall, samfunnshuset blir bygd om til kultursal – og symjebassenget blir rusta opp.

Fjordhotell

Nede på Murigrandane, nær Muritunet, reiser Valldal Fjordhotell seg. På andre sida av vegen for hotellet skal det byggast ein ny Bunnpris-butikk.

Og oppe i sjølve sentrum er H.L. Muri i ferd med å få seg ein ny Spar-butikk.

– Alt det som skjer no av byggeaktivitet betyr at Valldal får eit betydeleg løft. Tilbodet blir betre både for dei i bygda, og for alle andre som bur i kommunen. Ikkje minst vil utbygginga bety mykje for kultur- og idrettslivet i Norddal kommune, seier Sandnes.

Hallmangel

Norddal er nemleg den einaste kommunen på Sunnmøre utan eigen idrettshall.

– Og så vil sjølvsagd dei mange tusen turistane som besøker oss kvart år ha stor glede av desse nye tiltaka, seier ordføraren.Idrettshall, kultursal og opprusting av anlegget på Syltemoa kjem på om lag 70 millionar kroner. Hotellet kostar mellom 45 og 50 millionar kroner. I tillegg kjem kostnadene til dei nye butikkane. Så det er store beløp som no blir lagt ned i nybygg i Valldal.

Statistikken over folketalsutviklinga i Norddal kommune er dystert lesestoff for Sandnes. Folketalet går stadig nedover, og snittalder blir berre høgare og høgare.

– Vi håper desse nybygga kan bli eit vendepunkt i folketalsutviklinga, og gjere kommunen endå meir attraktiv å bu i, samt at det blir skapt nye arbeidsplassar, seier Arne Sandnes.

Reiseliv

Og når det gjeld det siste, så meiner han det ligg eit stort, uutnytta potensial i reiselivet.

Nede på Murigrandane har det iallfall blitt mange nye arbeidsplassar dei siste åra, og fleire skal det bli.Ragnar Heggdal er tilsett som prosjektleiar i ei 70 prosent stilling ved Muriparken i Valldal. Dette er eit engasjement som går over to år. Muriparken-prosjektet er eit spleiselag mellom Norddal kommune, fylkeskommunen, Muritunet og Classic Norway. Heggdal tok til i den nye stillinga 1. februar.

Muriparken er namnet på eit bransjenettverk av helseverksemder i miljøet rundt Muritunet, der ein skal forsøke å utvikle området til ei helseklynge med sterkt og forpliktande samarbeid mellom verksemdene.

Aktivitetar

– Valldal er ikkje verdas største bygd. Men det finst mange aktivitetsleverandørar her, slike som kan tilby til dømes rafting, klatrepark, riding, ekstremsport og fjellturar – i tillegg til at Muritunet har viktige kompetansearbeidpslassar, seier Heggdal.

Han ser for seg at Valldal skal satse endå meir på helse og livsstil, der stikkorda er sunn mat, sunn livsstil og fysisk aktivitet.Heggdal, som til vanleg er å finne i Classic Norway, selskapet som bygger hotell i Valldal, meiner det var viktig å få hotellet plassert nede ved fjorden, og nær Muritunet.

– Plasseringa er kjempeviktig for eit hotell. Dette nye hotellet er plassert heilt nede ved fjorden. Og det blir lagt opp til eit tett samarbeid mellom hotellet og Muritunet, for å utvikle eit tilbod innan helseturisme.

– Dette blir eit nytt felt for oss, men Classic Norway har alltid vore oppteken av å utvikle nisjeprodukt, legg Heggdal til.Hotellet, med sine 40 dobbeltrom, skal stå ferdig i slutten av juli. Dei første rombestillingane er allereie komne inn.Den offisielle opninga av hotellet vil derimot først finne stad til hausten.