Til våren skal 16 og 17 åringane få røysterett i høvet kommunesamanslåing, difor er det ekstra viktig å få ungdomen med. Det er bevilliga 50.000 kroner til prosjektet for å få ungdomen engasjert.

Ungdomsrådet i Ørsta, med Lisa Follestad i spissen, la fram planane sine om korleis dei skal få ungdomen interessert, ved eit forhandlingsmøte mellom Ørsta og Volda kommune tysdag. Kommunane møttast for å skrive under intensjonsavtalen.

– Det er vanskeleg å få unge interessert i politikk. Me skal nytte dei 50.000 kronene til å rette mersemda mot kommunereforma, seier Follestad.

Vil nå ungdomen

– Me vil også lage ein instagramkonkurranse med kommunereforma som tema, der me kan informere før folkeavrøystinga. Ungdomar mellom 13 og 20 år kan bruke humor eller vere seriøse kring kommunesamanslåing med video og bilete, seier Follestad.

Til instagramkonkurransen vert det store premier for å få ungdomen interessert, ifølgje Follestad, som gåvekort og iphone. Karen Høydal, varaordførar i Ørsta, meiner det er bra at Ungdomsrådet har ein plan, og at dei lagar gode konkurranser.

Gjer som meir enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Ungdomsmøte ved Volda vidaregåane skule

Fride Sortehaug, varaordførar i Volda, har tatt del i Ungdomsrådet og seier at det skal bli eit ope møte på Volda vgs etter skuletid. Jørgen Amdam, ordførar i Volda og samfunnsplanleggare er invitert til å informere ungdomane om kommunereforma. Stein Aam, ordførar i Ørsta, og Høydal er også invitert.

– Vi skal også ha konkurranse på ungdomsskulen og for vidaregåande. Der kan klasser levere tekst, bilde og/eller film. Dei tre beste klassene får 10.000 kr kvar, seier Sortehaug.

Aam poenterer at elevane ved ungdomskulen i Ørsta må bli informert. Follestad seier at dei vil lage ein presentasjon og vise den på skulen. På forhandlingsmøtet vart det føreslått at det bør bli gjeve lik informasjon for ungdomane i begge kommunane. Wenche Solheim, rådmann i Ørsta, føreslo å bruke ein presentasjon som fylkesmannen har laga for å ha ein god struktur å følgje.

Les fleire nyheiter frå Søre her