Politiet oppfordrar folk om å vere forsiktige, etter at det onsdag ettermiddag har gått to snøskred ved Saudehornet i Ørsta.

- Det første skredet gjekk ved Nivane, men som følgje av datatrøbbel veit eg ikkje eksakt kva tid meldinga kom, seier operasjonsleiar Arild Reite hos politiet på Sunnmøre.

- Skredet vart utløyst av folk som var på skitur, og det var desse sjølv som melde fra, fortel operasjonsleiaren.

Det andre skredet gjekk kort tid etter.

- Denne gongen på Saudehornet. Her var det folk som såg skredet, og også at det var personar i området. Desse vart kontakta, men alle skal ha kome seg trygt ned, seier Reite.

Det er avgrensa skredfare i fjellet på Sunnmøre med faregrad 2 på på den europeiske skredfareskalaen. Du kan sjølv følgje med på skredfaren på nettstaden varsom.no.