Avisa Fjordingen melder at politiet i Stryn har oppretta sak etter mistanke om at to hundar har drept ein ponny.

Ifølgje avisa har politiet vore på staden og sikra spor samt avhøyrd eigar av hundane.

–To vaksne hundar stakk av frå eigar søndag ettermiddag. Etterpå vart det funne ein død ponny, fortel politibetjent Martin Sundseth til Fjordingen.

Det er førebels ikkje klart kva som skjer med hundane, som hadde blodflekkar på seg då dei kom heim. Det var hundeeigar som tok kontakt med politiet og dei fornærma.

Saka vert etterforska vidare.