På det gamle omsorgssenteret i Fiskå i Vanylven skal det før sommaren stå klart eit mottakssenter for einslege mindreårige flyktningar. Mottaket skal ha plass til 14 ungdommar.

Det skriv Fjordenes Tidende.

Planen er at flyktningar som har kome til Vanylven tidlegare, og som er kome lagt i integreringa, skal få jobb på mottaket.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

– Dei einslege mindreårige kjem inn i ein heilt annan kultur enn dei er vande med. Dersom dei kan møte noko kjent i form av nokon som kan språket deira, så trur eg det vil vere ein suksessfaktor både for kommunen, flyktningane som har budd her lenge og dei som kjem hit for fyrste gong, seier Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven kommune, til Fjordenes Tidene.

Les fleire nyheiter frå Søre her