Onsdag morgon la studenten frå Hareid ut ein open jobbsøknad på bloggen sin, som også blei spreidd på sosiale media.

«Ver smart. Ansett meg» skriv Ylva Overå Hide og omtaler seg sjølv som verdas kulaste medarbeidar.

- Det var skikkeleg skummelt, men eg håpar det funkar og får merksemd, seier Hilde, som studerer PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda.

Må selje seg sjølv

På jobbmessa for Søre Sunnmøre og Nordfjord i Ørsta kulturhus stod Hide på stand for Tussa, der ho for tida er i praksis. 40 bedrifter hadde stand, der dei møtte arbeidssøkjarar frå fleire kommunar i regionen. Og arbeidssøkjarane delte flittig ut CV-ar, for å vise kva dei har å bidra med.

Bemanningskonsulent Hege Ertesvåg i bemanningsselskapet Verto Norge i Fosnavåg er einig i at det er viktig å skilje seg ut.

- Vi likar slike som byr på seg sjølve. Mange jobbar blir aldri annonsert. Difor er det viktig å selje seg sjølv og søkje aktivt jobb, på meir enn det som ligg ute av stillingar, seier Ertesvåg.

Ho råder folk til å vere aktive, ringe og oppsøkje bedrifter. Det held ikkje berre å sende ein epost.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook!

Måtte avvise bedrifter

NAV inviterte 1000 jobbsøkjarar, fordelt på to puljar, til messa i Ørsta. Dessutan rekna dei med 200 i tillegg. 40 arbeidsgjevarar var representert.

- Mange er på leit etter arbeidskraft. Vi hadde stor pågang av arbeidsgivarar som ville vere med, og vi måtte faktisk avvise nokre som vi ikkje hadde plass til, seier Per Aage Bjørke, seniorrådgjevar ved arbeidslivssenteret i NAV i Ålesund.

Ledig på hotell

Bjørke viser til at enkelte sektorar går godt, sjølv om regionen er hardt ramma av nedgangstider.

- Vi har to ledige jobbar, smiler hotelldirektør Günther Dahler ved Thon Hotel Fosnavåg.

Hotellet lyser no ut ei stilling som kokk og ei stilling som vaktmeister. Dahler reknar ikkje med det blir problem å få søkjarar.

- Vi merkar pågang frå folk som har vore maritimt linka. Nokre seier dei har mista jobben, medan andre sonderer terrenget fordi dei ventar å bli permitterte, fortel Dahler.

Ledige jobbar i Nordfjord

Det er første gong NAV Møre og Romsdal samarbeider med NAV i Sogn og Fjordane om ei felles jobbmesse.

- Vi ser på dette som ein felles jobbmarknad, der det ikkje er problem å pendle, seier Bjørke.

- Kvivsvegen er det beste arbeidsmarknadstiltaket vi har fått i regionen, seier Monica Osvold, NAV-leiar i Hornindal og leiar for rekrutteringsteam Nordfjord.

Nordfjord har låg arbeidsløyse og relativt mange ledige stillingar. Sunnmøre har eit meir oljebasert næringsliv og har for tida høgare arbeidsløyse og relativt få ledige stillingar.

Uro og uvisse

Osvold meiner jobbmessa er ein unik sjanse til å selje seg inn og fortelje kven ein er. Det blir noko anna enn å sende ein vanleg søknad.

Assisterande fylkesdirektør i NAV Sogn og Fjordane, Knut Steinar Eithungjerde, opna messa og la vekt på den krevjande situasjonen i arbeidsmarknaden.

-  Å vere utan arbeid er ein tøff situasjon, prega av uvisse og uro, for framtida, økonomien og familien. Men de skal vite at å nytte mulegheita her på messa er noko av det viktigaste de gjer, sa Eithungjerde til dei frammøtte.

På ei tilsvarande jobbmesse i Ålesund tidlegare i år var det fleire som fekk jobb etter messa. Det ventar Per Aage Bjørke vil skje også etter messa i Ørsta.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook