Tjuveri-raidet på Sunnmøre i påska

Politiet: – Truleg ikkje same gjerningspersonar

Varebilen til ein Ålesund-mann er stoppa etter eit innbrudd ved Dombås natt til onsdag. På Sunnmøre vart ein lys varebil sett i samanheng med fleire innbrot i påska.

Illustrasjonsfoto  Foto: Mikrostock

Nyheter

Om det er tjuvane etter påskas innbruddsraid på Sunnmøre som no er tatt er for tidleg å seie. Politiet på Sunnmøre stadfester at dei har mottatt opplysningar frå politiet i Gudbrandsdal i saka.

– Vi har etablert samarbeid med politiet i Gudbrandsdal, og vi undersøker om vedkomande har noko med innbruddsraidet på Sunnmøre å gjere, seier etterforskingsleiar Robert Hjelmeset i sunnmørspolitiet.

Sett på Dombås

Natt til onsdag vart innbruddstjuvar oppdaga på fersken i Joramo ved Dombås. Verktøy for mellom 50 og 100.000 kroner er borte, og ein kvit VW Transporter vart sett i samanheng med innbrotet, opplyser politiet i Gudbrandsdal.

Onsdag morgon vart ein tilsvarande bil stoppa nokre mil sør for Dombås, og tre personar frå Litauen vart arresterte.

Var på veg opp på fjellet

– Eigaren av bilen er heimehøyrande i Ålesund. Bilen var på veg opp mot fjellet Horgenose i Sel. Kanskje forstod dei at dei var i ferd med å bli tatt, seier vakthavande operasjonsleiar Per Solberg i Gudbrandsdal politidistrikt.

Han fortel at Ålesund-mannen ikkje var i den kvite varebilen.

– Bilen vart observert fleire stader. Vi har ikkje funne tjuvegodset, men vi har skjellig grunn til mistanke om at dei tre står bak innbrotet i natt, sa Solberg til smp.no klokka 09.30.

Lys varebil

Politiet på Sunnmøre gjekk i påska ut og bad om opplysningar om ein lys varebil, etter ei rekke innbrot på Sunnmøre i påska.

Smykker og sølvtøy vart stole frå fleire heimar. Også verktøy vart tatt. Politiet har registrert ni boliginnbrot på Nordvestlandet i løpet av påska.

Om dette er den same lyse varebilen som no er stoppa i Gudbrandsdal er for tidleg å kommentere, seier Solberg. Politiet tar imot tips på telefon 02 800.

Politiet i Lesja/Dovre fortel til smp.no klokka 13.20 at dei ser nærare på om det kan vere samanheng med innbrota på Sunnmøre den siste tida.

– Så langt er det ingenting som tyder på at dette er same gjerningspersonar, seier etterforskingsleiar Robert Hjelmeset til NRK onsdag ettermiddag.

Her har innbrota på Nordvestlandet skjedd

  • Ulvestadvegen, Vatne.
  • Einevegen, Skodje.
  • Granvegen, Skodje.
  • Lyngholmvegen, Ellingsøy.
  • Tunteigen, Tennfjord.
  • Melshornvegen, Hareid (to tilfelle).
  • Bøen, Hjørungavåg.
  • Nybøvegen, Tomrefjord.

Politiet, tirsdag kveld: Melding om nytt innbrudd i bolig

Politiet melder om innbrudd i en enebolig i Tomrefjord.



Innbruddsbølge på Sunnmøre:

Ønsker opplysninger om lys varebil

Politiet på Sunnmøre har i påsken opplevd en rekke innbrudd og grove tjuveri. Mye tyder på at det kan være sammenheng mellom sakene.



Innbrudd i Skodje:

– Takker naboene som reagerte så raskt

Jan-Arne Finnøy har hatt ubudne gjester på besøk mens han var på påskeferie.



Flere innbrudd meldt søndag

Politiet ber om tips fra publikum.



Innbrudd i tre hus de siste to dagene:

Frekke tyver stjal smykker og sølvtøy