Signering av intensjonsavtale for Runde kommune. F.v.; Orførar Dag Vaagen (Sande), Arnulf Goksøyr (Herøy), Anders Riise (Hareid) og Knut Erik Engh (Ulstein). Fremst ordførar Lena Landsverk Sande (Vanylven).
(Foto: Svein Aam)

Signering av intensjonsavtale for Runde kommune. F.v.; Orførar Dag Vaagen (Sande), Arnulf Goksøyr (Herøy), Anders Riise (Hareid) og Knut Erik Engh (Ulstein). Fremst ordførar Lena Landsverk Sande (Vanylven). Foto: Svein Aam

Samde om Runde kommune

Fem kommunar på Ytre Søre Sunnmøre er samde om ein intensjonsavtale, men det heldt hardt.

På tampen av ein lang dag med filing på formuleringar vart det tilspissa då Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr sette hardt mot hardt for å få gjennom eit punkt knytt til korleis kommunen skal organiserast. Dermed steig temperaturen rundt forhandlingsbordet.


Kva syns du Runde kommune som namn på ein storkommune?
Du må velge et alternativ
- Eg likar veldig dårleg at ein stiller eit ultimatum for å få til ein avtale, sa Ulstein-ordførar Knut Erik Engh.

Striden gjaldt ei formulering som slo fast prinsippet om at den største kommunen skal velje først når dei kommunale etatane skal fordelast mellom dagens fem kommunar.

Trekte omstridd formulering

Frå før var det semje om at eit nytt rådhus skal leggjast til Myrvåg i Herøy, der ordførar, rådmann og nærmaste stab skal ha arbeidsstad. Vanylven frykta at rådhuset skal ese ut, og foreslo at det berre skal jobbe 30 personar i Myrvåg, men fekk ikkje gjennomslag for det.

Etter at det vart klart at Herøy stod mot dei fire andre kommunane i spørsmålet om fordeling av etatar trekte Arnulf Goksøyr den omstridde formuleringa, og dermed vart det signering likevel. Forhandlingane har vore prega av til dels sterke motsetnader mellom dei to største kommunane, Herøy og Ulstein.

- Krevjande å bli samde

- Begge er kommunar med vekstambisjonar, så det har vore krevjande å bli samde. Men begge har ofra nok. Eg føler i alle fall at Herøy har gitt rimeleg mykje, seier ordførar Arnulf Goksøyr i Herøy.

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh seier han er glad for at intensjonsavtalen er i hamn.

- Alle har gitt og tatt. For vår del var plasseringa av rådhuset i Myrvåg ein kamel som måtte svelgjast med hud og hår, seier Engh.

- Vil du tilrå avtalen for folket i Ulstein?

- Eg trur det først den må sekke litt inn, seier Knut Erik Engh.

I Vanylven er alt førehandsrøystinga om kommunesamanslåing i gang, med to alternativ. Kommunen har og skrive under intensjonsavtale med Vågsøy og Selje.

- Eg er glad det vart ein avtale i dag, men eg må vedgå at eg var i tvil ei stund, seier ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven.

Det er semje om at dersom Herøy, Ulstein, Sande, Vanylven og Hareid slår seg saman, så skal den nye kommunen heite Runde, sjølv om Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr heilt på tampen kasta inn alternativet «Rundøy».


Kva syns du Runde kommune som namn på ein storkommune?
Du må velge et alternativ
 
Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

På overnattingstur ved Eltrane

Såg mystisk fenomen

Båt kjørte opp på skjær

En fritidsbåt har lørdag kveld kjørt opp på et skjær i Borgundfjorden.

1.000 opplevde fartsshow

Med kring tusen tilskodarar var det reine folkevandringa til dragrace-showet på Mosflata laurdag.

Trekker seg fra VM

Ro-VM starter søndag uten ålesunderen.

Damene tapte, karane vann

HERØYHALLEN: Herrelaget slo tilbake etter ein sløv første omgang og knuste Bergen Vest. Også damelaget tok tak etter pause, men dei heldt ikkje heilt inn.

Suksess med sjeldan sauerase

Sauepels-handlaren i Syvde

– Lidenskapen min for kombinasjonen pelssau og gjetarhund kjem aldri til å ta slutt, seier Atle Arnesen (63) i Syvde.