– Stranda har ballen. Vi har sagt at vi er interessert. Det er ikkje for seint. Men det tek til å haste, i alle fall i høve til den fristen departementet har sett i juli.

Det seier Stryn-ordførar Sven Flo (H) til avisa Sunnmøringen.

Flo seier det er fleire i Sunnylven og Geiranger som har kontakta han med ønske om ei samanslåing.

Ordførarkollega Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda svarer at Stranda først må avklare sitt forhold til Sykkylven.

– Viss det ikkje blir noko av, blir det ein diskusjon om Stranda skal stå åleine eller om vi skal gå inn i ein prosess med andre kommunar, seier Jan Ove Tryggestad til avisa.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook