Lokalavisa Møre-Nytt i Ørsta skriv torsdag at sokneprest Espen Aarseth ikkje vil vie likekjønna i kyrkja, sjølv om Kyrkjemøtet har opna for det. Aarseth seier til avisa at han har eit tradisjonelt syn på at ekteskapet skal vere mellom mann og kvinne, men at han sjølvsagt ønskjer homofile velkomne i kyrkja.

Leiaren i Presteforeninga i Møre, Magne Furuseth i Molde sa til NRK at tre av fire prestar truleg vil bruke reseravsjonsretten og seie nei, sjølv om Kykjemøtet mandag sa ja.

– Slik eg kjenner presteskapet i Møre ser eg føre meg at dei fleste i utgangspunktet har ein nokså konservativ teologi. Sjølv om det har vore ei endring over nokre år, trur eg framleis at eit ganske vesentleg fleirtal av prestane tenkjer at dette stemmer dårleg med det bibelske materialet, sa Furuseth, og la til at Presteforeninga ikkje hadde gjort noko systematisk rundspørring. Utspelet var basert på samtalar og diskusjonar med kollegaer.

LES MEIR: Trur mange prestar framleis vil seie nei

Konsert-nekt

Gruppa Side Brok frå Hovdebygda i Ørsta skreiv torsdag dette på sine Facebook-sider:

«Slik står det til der me kjem frå: Ein av prestane seier at han ikkje vil vie homofile, men at dei sjølvsagt er velkomne i kyrkja (ja, han seier "sjølvsagt"!). Dei to andre prestane sit på gjerdet, og har ikkje bestemt seg enno.

Reservasjonsrett har vorte veldig populært, og no vil me òg ha det: Frå no av er konservative kristne og andre homofobar ikkje velkomne på Side Brok-konsertar. De er sjølvsagt velkomne til å høyre musikken vår på Spotify, men de slepp ikkje inn når me spelar konsert. Det forstår de sikkert.

Nestekjærleik meg i ræva».

Torsdag kveld var innlegget delt over 700 gonger, og over hundre hadde lagt igjen ein kommentar på Facebook.

– Ironi

«Sjef R» eller Runar Gudnason i Side Brok seier til smp.no at innlegget er meint som tjukk ironi for å samanlikne og vise kor dumt det er å ikkje ville vie homofile, og samstundes uttale at homofile sjølvsagt er velkomne i kyrkja.

– Dei er jo ikkje det, seier Gudnason til smp.no.

Han meiner at dei er meir tolerante enn prestar, og at dei ikkje vil gjere alvor av å nekte folk å kome på konsert.

– Reservasjonsrett er feil. Det er ikkje berre å finne seg ei anna kyrkje for å gifte seg. Fleire homofile er døypt og konfirmert i den lokale kyrkja og vil gifte seg der. Eg blir enormt skuffa når dei plutseleg ikkje er velkomne til å gifte seg i ei kyrkje dei har eit personleg forhold til, seier Gudnason.

Han blei ikkje overraska, men synest at det er dårleg at den eine av prestane i Ørsta seier nei, medan dei to andre ikkje har bestemt seg.

– Det er skammeleg. Det var viktig å seie ifrå no. Eg er ikkje kristen sjølv, og er ateist, men veit at kyrkja betyr mykje for mange. Mitt inntrykk er at dei fleste meiner prestar som seier nei er utdatert.

Gudnason meiner at det er ei god samanlikning med ei kyrkje og det å gå på konsert. Det handlar om fellesskap, seier han.