Alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre er med på den organiserte hjorteteljingar som siste åra har strekt seg over to netter kvar vår. Teljingane er organiserte gjennom Søre Sunnmøre landbrukskontor.

Under teljingane vert det brukt kraftige lyskastarar, noko som av og til har uroa folk som ikkje har vore klar over kva som går føre seg. Teljingane føregår om natta fram til klokka 06 om morgonen.

Som før er bakgrunnen for hjorteteljingane eit mål om å få eit best mogleg faktagrunnlag for korleis hjortestamma i regionen har utvikla seg. Mellom anna får forvaltninga ein peikepinn på overlevinga av hjort gjennom sist vinter. Neste teljing er natt til laurdag 30. april.