For to veker sidan ville ho stemt nei til at Vanylven skulle slå seg saman med andre kommunar. No har ho endra syn.

– Eg har late meg skremme av truslane. Konsekvensane av å stå åleine kan vere dramatiske, seier ordførar Lena Landsverk Sande (V) og viser til sårbare fagmiljø og at ein i fleire samanhengar er avhengig av andre.

Blanke stemmer

Måndag skal folket seie om dei vil gå nordover, sørover eller stå åleine.

– Eg har stor forståing for at det er eit vanskeleg val. Likevel ber eg folk om å stemme. Stem blankt om det er vanskeleg. Det er eit signal om at ein ikkje veit eller ikkje er nøgd med alternativa, seier Sande som trur at den blanke røystesetelen kan bli viktig i avrøystinga.

Førehandsrøystinga er godt i gang. Midt på dag tysdag hadde 214 lagt stemmesetel i urna.

– Dette er veldig bra, seier Sande som også ventar at folk møter opp på valdagen og sikrar stor oppslutning om valet.Ho trur det er ulik stemning i ulike bygder. På Rovde ville mange gå til Volda, men etter at Volda takka nei til Vanylven, er ikkje dette lenger aktuelt.

– Kva retning ein går, kjem an på kvar ein bur. På Fiskå, dels i Syvde og utover til Åram ønskjer nok mange ytre søre Sunnmøre. Også ein del på Åheim tenkjer det, men det er berre folk i sørlege delen som går mot sør, meiner Sande som også trur regionreform og kamp om Rovdefjordsambandet spelar inn.

Fryktar for småaviser

Vidar Parr er redaktør i lokalavisa Synste Møre. Han fryktar for framtida til lokalavisa, om det blir slutt på Vanylven som eigen kommune.

– Men eg håpar eg tek feil, seier Parr.

Blir Vanylven ein del av Runde kommune, vil fire aviser ha utgivarstad i kommunen; Vikebladet, Vestlandsnytt, Regionavisa og Synste Møre.

– Vi er avhengig av kommunen som ein plass å hente stoff frå og vi er avhengig av annonsar frå kommunen, seier Parr.Han avslører ikkje kva som stod på stemmesetelen han la i urna tysdag. Avisa har heller ikkje på leiarplass teke stilling til kva Vanylven bør gjere, men uttalt seg kritisk om prosessen rundt kommunesamanslåing.