– Viss de skal flørte med nabokjetta, bør de stryke ho med og ikkje mot håret og slett ikkje setje kleklype på rumpa, sa austefjordingen Odd Harald Sundal ifølgje avisa Fjordingen under folkemøtet om kommunereform i Hornindal onsdag.

I intensjonsavtalen mellom Volda, Stryn og Hornindal er eitt av punkta at Austefjorden i framtida skal vere i opptaksområde for Hornindal skule.

Ifølgje Sundal er dette avtalepunktet ikkje godt motteke i Austefjorden. Bygdefolket der ser likevel at det kan vere ei moglegheit for ungdomstrinnet, men ikkje barnetrinnet ved skulen.