Intensjonsavtalen med Ørsta vart vedtatt i kommunestyret i Volda torsdag kveld, medan intensjonsavtalen med Hornindal og Stryn vart «tatt til vitande». Samstundes vart eit forslag om å gjennomføre spørjeundersøking om Hornindal/Stryn-alternativet nedstemt. På denne måten håper Voldapolitikarane at det vert tydelegare kva voldingane skal stemme over i folkeavstemminga 19. mai.

Kommentar: Å Vestland, Vestland! (krev innlogging)

- Vi er opne for ei eiga folkeavstemming om samanslåing med Hornindal og Stryn seinare i år. Sidan det handlar om samanslåing over fylkesgrensa trur eg vi kan få utsett fristane som det elles er operert med, seier ordførar Jørgen Amdam (Ap) i Volda.

I kommunestyret var tidligare ordførar Arild Iversen (KrF) kritisk til ordføraren sin iver etter å slå seg saman med Hornindal og Stryn.

- Det står i intensjonsavtalen med Ørsta at Volda og Ørsta saman skal forhandle med Stryn og Hornindal etter folkeavstemminga 19. mai. Så eg meiner handlemåten til Volda kan oppfattast som avtalebrot, seier Arild Iversen.

Iversen er glad for at det no vert gjort tydeleg at samanslåing med Ørsta er førsteprioritet for Volda.

- Alternativet med Hornindal og Stryn vert lagt på vent, og vi kan konsentrere oss avstemminga om avtalen med Ørsta. Og eg trur det er fleirtal i Volda for samanslåing med Ørsta, seier Iversen.

I Ørsta kommunestyre vart intensjonsavtalen med Volda vedtatt utan motførestillingar.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook