Naudetatene rykka ut, etter melding om ei trafikkulykke på fylkesveg 653 i Ørsta, nærare bestemt mellom Helgehorntunnelen og Morkaåstunnelen.

Politiet på Sunnmøre opplyste til NTB natt til torsdag at tre unge menn befann seg i bilen. Ein skal ha vore brakt til Ålesund sjukehus og to til Volda sjukehus.

Tiidleg torsdag morgon opplyser Ålesund sjukehus at dei har fått to menn til behandling etter ulukka, og at begge slapp med lettare skade.

Ulukkesbilen skal ha hamna delvis utanfor vegen, og fekk betydelege skader, ifølgje politiet.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no