Hareid kommune ønskjer at Velsvik Berge startar i stillinga frå 1. august 2016.

Dette vart torsdag vedteke samrøystes i kommunestyret i Hareid, opplyser ordførar Anders Riise (H) til smp.no.

Ho var ein av åtte søkjarar og kjem frå stillinga som pleie- og omsorgleiar i Herøy kommune.

– Dersom Berge takkar nei, vil saka gå attende til forhandlingsutvalet for vidare vurdering av tilsettingsprosess, heiter det i vedtaket.

Berge seier til smp.no at ho ser på jobben som ei kjempespennande utfordring. Ho tenkjer mellom anna på oppgåvene som kjem rundt kommunereforma.

– Eg fekk ei veldig god mottaking frå kommunestyret i dag, og ser fram til å samarbeide vidare med politikarane i Hareid, seier Berge.

Ifølgje Vikebladet var dette søkjarlista:

  • Tom Haarsaker, (50), arbeidande styreformann, deltid Trondheim.

  • Ragnhild Velsvik Berge, (56), pleie- og omsorgsleiar Herøy.

  • Per Ivar Lied, (46), rådgjevar Ørsta.Bent Mathisen, (42), arbeidsledig Bærum.

  • Berit Aasen, (45), kommunalsjef Herøy.

  • Rune Dalsbø, (45), CFO, økonomisjef/NK Ålesund.

  • Sturla Hess Brunvær, (53), administrasjonssjef Ålesund.

I tillegg ville ein søkjar vere anonym.