Utdanningsdirektoratet har valt ut 27 kommunar som blir Språkkommunar i år. Ein av dei er Sykkylven.

– Språkkommunane blir viktige for å få ei heilskapleg satsing på språk, lesing og skriving frå barna tek til i barnehagen, til dei går ut av vidaregåande skule, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).Om lag 30 millionar kroner er sett av til satsinga. Kommunane får tilskot til å etablere og drifte lokale faglege nettverk.

Lærarar i skule og barnehage skal delta i desse faglege nettverka for å utvikle nye måtar å jobbe lokalt med språk, lesing og skriving i barnehage og skule. Dei får også tilskot til delvis frikjøp av ressurslærarar, og dei får fagleg støtte undervegs.Språkkommunar i Møre og Romsdal er Sykkylven og Kristiansund. I Sogn og Fjordane: Fjaler, Gulen og Hyllestad, samt fylkeskommunen.