To personar, far og son, har fått lettare skadar etter ei trafikkulykke i Kvalsvika i Herøy. Det opplyser Ålesund sjukehus fredag morgon.

Torsdag kveld ved 22.30-tida melde politiet om ei trafikkulykke.

– To personar er sendt til Ålesund sjukehus, opplyste operasjonssentralen.

Så langt operasjonsleiar John Kåre Flo visste var det berre ein bil involvert i ulykka. Klokka 22.50 fortalde Flo til smp.no at det er ein vaksen mann og ein ung gut som er skadd. Då var det ikkje lenge sidan politiet hadde kome fram til ulykkesstaden.