Under kommunereform-møtet i Hareid, måndag kom det fram at ordførar Anders Riise har Ålesund-alternativet som førsteval, når Hareid kommune skal velje veg vidare, melder Vikebladet.

Ifølgje avisa grunngav ordføraren synet sitt mellom anna med at det i Ålesund region ligg inne direkteval til kommunedelsutval, noko det ikkje gjer i Runde-alternativet, og det vart også peika på at det er viktig å skape ein sterk region mellom Bergen og Trondheim.

På det same møtet signaliserte ordførar Arnulf Goksøyr i Herøy at han meiner Herøy kommune er stor nok og at han vil foretrekke å halde fram som eigen kommune, eventuelt i lag med Sande, melder avisa vidare.