– Leiargruppa er redusert frå 20 til 10 medlemmar, ei endring i tal medlemmar eg meiner er riktig for å få ei strategisk toppleiargruppe for helseføretaket, seier Espen Remme adm.dir. i Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

I mars la direktøren fram avgjerda om ein tverrgåande organisasjonsmodell. Tysdag ettermiddag la han fram kabalen for ny leiargruppe.

  • Talet klinikksjefar blir redusert frå tolv til seks.

  • Tal stabsdirektørar blir redusert frå åtte til fire

«Klinikk for akuttmedisin» og «Klinikk for kirurgi» vil få felles midlertidig overordna klinikksjef, fram til innhaldet og OU-arbeidet med dei to nye klinikkane er klart.

– Det er gjort etter ei heilskapleg vurdering av kva omfang endringane i klinikken og stabsavdelinga vil ha, kva slags fagområde den vil innehalde og leiarane sin kompetanse, erfaring og ønskjer for framtidig arbeidssituasjon, seier administrerande direktør Espen Remme.

Dette er leiargruppa

Administrerande direktør – Espen Remme

Klinikk for medisin – Torstein Hole

Klinikk for psykisk helsevern/rus og avhengigheitsmedisin – Ketil Gaupset

Klinikk for diagnostikk – Svanhild Tranvåg

Klinikk for akuttmedisin og Klinikk for kirurgi – Ingar Pettersen (midlertidig)

Klinikk for barn, unge og kvinne – Ove Økland (til 1.sept./utlysing)

Avdeling for direktørens stab –  Helge Ristesund, ass. dir.

Avdeling for verksemdsstyring og økonomi – Heidi Nilsen

Avdeling for fag – Odd Veddeng (ønskjer å trappe ned. Står i stillinga til ny fagdirektør er tilsett/utlysing)

Avdeling for kompetanse og organisasjon – Olav Finnøy (ønskjer å trappe ned. Står i stillinga til ny etterfølgjer er tilsett/utlysing)

Tverrfagleg

I februar månad var det intern høyring på organisasjonen meinte om kva organisasjonsmodell helseføretaket burde ha, og i mars blei det vedteke ein tverrfagleg modell.

Modellen legg også vekt på at det skal vere ei stadleg leiing, ifølgje Remme. Ei eiga arbeidsgruppe som skal konkretisere stadleg leiing.