I kveld meldte Vikebladet om at Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal i kveld har sagt ja til å setje inn 3 miljøvennlege, nye ferjer i sambandet Hareid-Sulesund frå 1. januar 2019.

- Samferdselsutvalet har også sagt ja til tilrådinga hans om han ei snuing av ferjekaia på Sulesund, slik at dei nye ferjene kan halde rutetidene utan å måtte køyre med for høg fart. Dagens kontrakt med Norled går ut i løpet av 2018. Norled har eit års opsjon, men denne opsjonen vil ikkje fylket nytte, skriver Vikebladet.no

Ordføraren i Hareid kommune, Anders Riise (H) er svært glad for vedtaket og seier til Vikebladet at han vil rose samferdselsutvalet for å ha lytta til både Hareid kommune, MAFOSS og næringslivet på Søre Sunnmøre.

Nye ferjer

I dag er det tre ferjer i sambandet Hareid-Sulesund. To av desse har ein kapasitet på 120 pbe, medan ei av ferjene har 76 pbe.

- Basert på trafikkanalysar rår fylkesmannen at det skal vere krav om tre fartøy på 120 bilar i Hareid-Sulesund-sambandet, og med avgang kvart 20. minutt, skriv Vikebladet.no og fortel vidare at bakgrunnen for det nye ferjeopplegget er fylkestinget sitt ønskje om å prioritere 0-utslepp/lågutslepp i framtidige ferjanbod.

Det er også rekna med ein potensiell reduksjon i kostnadane på ca. 3 millionar kroner per år som følgje av kortare avstand mellom Hareid og Sulesund, og enklare manøvring.

I reguleringsplanen er kostnaden for å snu Sulesundkaia anslått til 135 millionar kroner. Det er lagt til grunn ein investeringskostnad på 170 000 000 kroner per nye ferje.

Ifølge Riise gjelder dei nye krava også for ferjesambandet Aursnes - Magerholm, fra 1. januar 2020.