Det var nok fleire som lurte på kva som gjekk føre seg onsdag då tre dresskledde menn med pengesekkar og solbriller gjekk rundt i Hareid kommune med eitt tog av demonstrantar etter seg. Det var nemleg då Communication of Change og Changemaker heldt kampanjen sin mot skatteparadis i Hareid kommune.

- For fire år sidan heldt Changemaker ein liknande kampanje i Ulsteinvik, som no har blitt ein skatteparadisfri sone. Med tanke på all blesten rundt Panama Papers valde vi no å halde ein kampanje i Hareid, fortel Solveig Løseth Lingaas. Ho er ein av 29 ungdommar frå Communication of Change som har deltatt i kampanjen.

- I teorien har desse tre forretningsmennene rømt frå Ulsteinvik og sett kursen mot Hareid, der det framleis ikkje er skatteparadisfri sone. Vi syntest det var ein passande illustrasjon for kampanjen, fortel Løseth Lingaas.

Positive til forslaget

I tillegg til å gå i tog, fekk ungdommane møte nokre av politikarane i kommunestyret i Hareid. Der presenterte dei ein detaljert framgangsmåte for å handtere problemet med skatteparadis.

- Dei var veldig positive og eg føler at dei tok oss seriøst. Dei lova å jobbe vidare for å få gjennom dette vedtaket i kommunestyret. Løseth Lingaas meiner det har vore ei viktig oppleving, også for dei utanlandske ungdommane.

- Om lag femti prosent av dei som var med er utanlandske, så eg trur det var spennande for dei å få sjå kor stor innverknad vi som sivilsamfunn kan ha i politikken.