Ulykka er registrert klokka 21.36. Skadeomfanget var ei stund uklart, ifølge politiet i Sogn og Fjordane.

– Politiet har ikkje kome fram, men brannmannskap og helse er på staden, sa operasjonsleiar Trond Hatlenes til smp.no klokka 22.

Mannen hadde i ein liten periode vore medvitslaus etter ulykka.

– Eg trur ikkje han har køyrt av vegen, men han har velta. Eg veit ikkje meir per no, sa Hatlenes tidleg.

Klokka 22.06 opplyste politiet at mannen fekk hjelp frå helsepersonell på staden. Ein knapp halvtime seinare kom det fram at MC-føraren var i samtalar med politiet, og operasjonsleiar Hatlenes sa til smp.no at det truleg ikkje var snakk om alvorleg personskade.

– Føraren er ikkje kritisk skadd, men skal til sjukehus for observasjon. Førarkortet er førebels tatt i beslag, opplyser politiet klokka 22.45.

Hatlenes har ikkje fått tilbakemelding om kva som har forårsaka ulykka.