Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) er i Ørsta måndag 9. mai. Der møter han politikarar og næringsliv frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, for å få innspel i samband med NTP.

- Vi treng større bu- og arbeidsmarknadsregion. Det er dette som gjer det attraktivt å bu her når vi har ein større region å boltre seg på, sa Gunvor Ulstein.

Åtvara mot Bergen-randsone

Ho utfordra regjeringa på spørsmålet: Kva vil regjeringa gjere for sikre at HAFAST kjem inn i NTP 2018 til 2029? Og ho meiner no det er realistisk at det blir byggestart i 2023.

Ulstein hadde også eit innspel om den komande regionreformen:

-Vi høyrer ikkje naturleg til Trøndelag og vi vil ikkje vere ei randsone frå Bergen. Vi er sterke nok til å vidareutvikle oss som i dag, sa Ulstein,

Må prioritere

Statsråden er i full gang med å samle inn synspunkt, idear og erfaringar frå politikarar og næringsliv over heile landet. Møtet for Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane er det femte på programmet.

- Det må hjelpe oss med kva strekningar som er viktigare enn andre. Ikkje alt ein ønskjer pengar til kan prioriterast. Viss alle seier alt dei vil ha, blir det andre som må prioritere i dykkar region, sa Solvik-Olsen og minte forsamlinga om at dei også reiser til andre regionar.

I ei pressemelding som statsråden sende ut før møtet går det fram at erfaringane viser at i dei tilfella der ein region ikkje sjølv klarer å prioritere, så blir den jobben likevel gjort, men då av politikarar frå andre delar av landet.

- Det er difor særleg viktig at næringsliv og politikarar i dei ulike regionane hjelper oss med å prioritere dei viktigaste prosjekta fyrst, samstundes som alt skal passe inn i ein samanheng på lang sikt. Som regel er det fleire ønske om prosjekt enn det ein klarer gjennomføre på få år, og vi skal leggje fram ein transportplan for heile landet, seier samferdselsministeren.

Ikkje stykkevis og delt

Statsråden la også vekt på at det er viktig med vedlikehald av eksisterande vegar. Dessutan kom han inn på planlegging av prosjekt.

- Ein må ikkje bruke ti år på å planlegge for å kome i gang. Og ein må ikkje bygge stykkevis og delt og dermed få dyrare løysingar, sa Solvik-Olsen som ønskjer at ein planlegg lenger strekningar, slik at ein veit kva ein vil med heile strekninga. Dette betyr ikkje nødvendigvis at ein byggjer alt på ein gong.

Frå Ørsta skal statsråden til Ulstein verft, der det er lagt opp til omvising og orientering.

Frank Sve og Helge Orten helsar på statsråden og følgjet hans i Ørsta måndag. Foto: Anne-Mari Tomasgard