For ei veke sidan opna vegen frå Geiranger opp til Djupvasshytta. No er vegen bar og køyreklar også vidare til Langvatn, og blir opna for trafikk onsdag klokka 16.

– Vegen vart brøyta igjennom i går, og sola har saman med veghøvelen gjort ein god jobb med å få vegen fri for is, opplyser Kåre Berge i Vegvesenet onsdag.

Det er framleis tidleg på året, og vegen kan bli stengt igjen på kort varsel om det blir krevjande vêr og føre.

– Vi oppmodar trafikantane om å sjekke trafikkmeldingane på vegvesen.no/trafikk når dei planlegg turen, opplyser Berge.