– Eg er svært skuffa over framgangsmåten. Er det slik reiselivskommunen ønsker å framstå overfor dei som vil satse i bygda? spør Arador Boatwright.

– Eg har lagt ned mykje arbeid og ein god del pengar i planlegginga. No blir det ikkje noko av prosjektet. Eg hadde til og med tinga kjøken, seier Boatwright.

Det som skjedde var at Norddal kommune lyste ledig bygget som turistinformasjonen inntil i fjor heldt til i.

Fleire melde seg som interesserte, ein av dei var Arador Boatwright. Han fekk beskjed frå kommuneadministrasjonen om at han fekk nytte lokala.

– Så kom det inn klage frå andre som også hadde søkt, og saka skulle opp for formannskapet. Eg trudde likevel det skulle gå greitt, seier Boatwright.

Trekte saka

Det gjorde det ikkje, for heile saka vart trekt på formannskapsmøtet denne veka.

– Då vi fekk summa oss, kom vi til at vi sjølv vil ha hand om dette området, som er det mest attraktive i heile sentrum, fortel ordførar Arne Sandnes (Sp).

– Forstår du at Boatwright er skuffa?

– Ja, dette er jo eit flott område. Men eg meiner at dette var nødvendig å gjere, svarer Sandnes.

For no har kommunen sjølv ein plan for bygget, utan at det er gjort noko vedtak enno:

– Vi ser no for oss at det kan bli nytta til eit pilegrimssenter. Kommunen jobbar for tida med pilegrimsleia, og då er det rett at vi ikkje bind opp dette området i Valldal sentrum, meiner Sandnes.For Arador Boatwright kom dette som lyn frå klar himmel:

– Eg skulle ha fått vite dette før, meiner han.

<strong>ORDFØRAR:</strong> Arne Sandnes (Sp) er ordførar i Norddal kommune.