Dersom ein kommune slår seg saman med ein annan kommune og byter fylke og helseregion, vil den nye helseregionen ha ansvaret for å sørgje for at befolkninga i denne tidlegare kommunen får spesialisthelsetenester.

Det skriv Helse- og omsorgsdepartementet i eit brev til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Ikkje hinder

– Det er gledeleg å få stadfesta at fylkesgrensa ikkje skal vere til hinder for at mellom anna honndølene skal finne tenlege helsetilbod – trass i at vi i dag ligg på grensa mellom to helseføretak, seier Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (H) i ein kommentar.

– Departementet er oppteke av at fylkesgrenser ikkje skal vere til hinder for kommunar som ønskjer å slå seg saman på tvers av dei, skriv departementet i brevet til fylkesmannen.