Der kan 1.300 røysteføre innbyggjarar i dag seie sitt om kommunesamanslåing. Sula vart eigen kommune først i 1977, etter at Stortinget året før vedtok at Sula skulle skiljast frå Ålesund. Fram til 1968 var Sula ein del av Borgund kommune, som då slo seg saman med Ålesund.

FØLG LIVESTUDIOET OM KOMMUNEREFORMEN HER– Svigerfaren min, Bjarne Bjørkavåg, var den fyrste ordføraren i Sula. Han representerte Sulalista, som jobba for lausriving frå Ålesund, fortel Bakke. Sjølv er den pensjonerte læraren og rektoren tilbakehalden med å seie si eiga meining om saka i dag. – Vi skal jo vere nøytrale på ein dag som denne. Men det er klart at det er ein spennande dag for Sula, seier den leiande valfunksjonæren i Solavågshallen.  Han representerte sjølv KrF i kommunestyret i Sula i tre periodar frå 1980-talet. 67-åringen er opprinneleg frå Hardanger, og har budd i Sula sidan 1979. Bakke fortel at det er ganske spesielt at Stortinget vedtok at Sula skulle bli eigen kommune, for 40 år sidan.– Det var då ei gruppe på 7-8 kommunar rundt omkring i landet som saman kjempa for å rive seg laus frå ein større kommune - og som fekk medhald i det, hugsar han. Seinare i kveld får vi vite om sulafolk flest vil bli ein del av regionkommunen Ålesund, eller om fleirtalet vil halde fram som eigen kommune.