Det seier veninnene Thea Taklo og Janett Stenersen, på veg ut frå vallokala i Herøy kulturhus i Fosnavåg. Men kva dei røysta om kommunen si framtid, det vil dei ikkje fortelje.– Det er hemmeleg val, smiler dei to lurt.

Gjer som fleire enn 26.000 andre - lik smp.no på FacebookBegge synes det er viktig å delta, å seie meininga si. Og sjølv hadde dei to gjort seg opp ei meining for lenge sidan, så for dei var det eit enkelt val.– Er kommunereforma noko som opptek ungdomen i Herøy?– Ja, det har vi inntrykk av. Det har iallfall blitt diskutert ein del den siste tida, så vi håper at mange unge nyttar seg av røysteretten i dag. Dette er iallfall ei viktig sak for framtida, meiner jentene.– Og kva er holdninga mellom dei unge?– Eg har inntrykk av at mange vil slå Herøy saman med Sande, svarer Thea Taklo.