Sjekk siste nytt i vårt livestudio her

Alle som fyller 16 år i løpet av 2016 kan røyste i saka om kommunesamanslåing.Tvers over vegen for røystelokalet i Mauseidvåg bedehus, treff vi eit knippe ungdomar frå Mauseidvåg og Fiskerstrand. Der heng dei ut i vårsola over skoleplana på barneskulen. Dei går alle i 10. klasse på Sula ungdomsskule. – Vi har allereie førehandsrøysta på skulen. Og vi sa nei til å bli ein del av Ålesund, fortel gutane. – Kvifor det?– Stygt namn og masse gjeld, flirar dei. Og legg til, litt meir alvorleg:– Kvifor skal vi gå inn i ein annan kommune, når vi klarer oss fint sjølv? Ungdomane trur dei aller fleste i si aldersgruppe i Sula ikkje ønsker å bli ein del av storkommunen Ålesund, og at det går mot eit nei.  – Vi har det bra som vi har det. Her i Mauseidvåg har vi til og med ein brusautomat, haukar gutane. Som føler det er bra å kunne få vere med og røyste over andre viktige ting.