Det seier Per Moldskred, opphavleg frå Brandal, men busett i Ulsteinvik. I folkerøystinga om kommunesamanslåing i dag røystar han for at Ulstein skal halde fram som eigen kommune. Kona hans, Marit Moldskred, røystar likeins.

– Ulstein har det bra åleine. Vi har alt vi treng her. Det mest naturlege ville vere å slå saman berre Ulstein og Hareid, men det er dessverre ikkje eit alternativ, seier dei to.

To alternativ

I Ulstein kan ein røyste på at Ulstein dannar ein ny kommune saman med Hareid, Herøy, Sande og Vanylven, eller at Ulstein held fram som eigen kommunen. Ein kan også levere røystesetel med «eg veit ikkje», eller ein blank setel.

– Det er viktig å ta del i folkerøystinga, elles kan ein ikkje seie eller meine noko om denne saka i etterkant. Det er mykje prat om kommunesamanslåing, men eg har ikkje noko inntrykk av om det vil gå eine eller andre vegen, fortel Marit Moldskred.

– Eg trur det går toleleg bra uansett kva utfallet vert. Det vert vel neppe internasjonale konfliktar av dette, smiler Per Moldskred.

Flest eldre

Leiar for røystestyret i Ulstein, Knut Johan Rønningen, fortel om eit jamt sig av folk som vil røyste – men at det så langt synest å vere litt dårlegare oppslutning om folkerøystinga enn ved kommune- og stortingsval.

– Klokka er berre 14 enno, så det er klart at deltakinga kan ta seg opp utover ettermiddagen. Vi ventar spesielt på dei yngre arbeidstakarane, til no i dag har den eldre garde vore overrepresentert blant røystarane, fortel Rønningen.

<strong>Held styr:</strong> Leiar for røystestyret i Ulstein, Knut Johan Rønningen, i røystelokalet på rådhuset i Ulsteinvik.