Ingen andre av kommunereformkommunane på Sunnmøre er i nærleiken av Volda sine seksten valkrinsar. Grannekommunen Ørsta, som før eller sidan denne kvelden skal få sitt ja eller nei frå Volda, har til dømes berre seks krinsar. Dette er ikkje meir enn det Dalsfjorden i Volda åleine kan mønstre. Og det må nesten nemnast at både Stordal og Ørskog kommunar har berre ein einaste valkrins kvar…

Krins på kvart nes

Vikebygda er berre ein av heile seksten stemmekrinsar i Volda kommune. Både folk og flagg er på plass seint torsdag ettermiddag. Foto: Knut Arne Aarset

– Vi har ein valkrins omtrent på kvart eit nes, innser ordførar Jørgen Amdam, som før førre kommuneval gjorde eit seriøst forsøk på å få rydda opp i floraen av valkrinsar i Volda.

– Det gjekk ikkje. Der var for mange som tala valkrinsane si sak, konstaterer Amdam, som ikkje og let det vere tvil om at han synest seksten krinsar er nokså mange for mykje.

Få med deg siste nytt om folkerøystingane i vårt Livestudio

Stemde nei

Smp.no lodda stemninga i ein av dei sentrumsnære krinsane, Vikebygda. Der var 21-åringen Julie Støyle klar til å gje si stemme. Ho flaggar gjerne standpunktet sitt:

– Det blir eit nei frå meg, heilt klart. Eg trur ikkje på fordelene med samanslåing, og eg ser at svært mykje har hamna i Ørsta alt i dag, seier Støyle.

Ho var i godt selskap med mange unge veljarar rett etter arbeidstid torsdag.

Gjer som fleire enn 26.000 andre - lik smp.no på Facebook

Kjem på kveldsferja

Administrasjonen i Volda kommune har førebudd seg særleg godt på valresultatat frå seks Dalsfjord-krinsar, dei som kjem siglande med Lauvstad-ferja til sentrum utpå kvelden. Då skal grovteljing finteljast - og kontrollerast på nytt får Smp.no opplyst. Vi fanga elles opp denne anonyme kommentaren:

– Einaste mulege måten å få ned talet på valkrinsar i Volda kommune må vere ei snarleg samanslåing med Ørsta, som delvis har greidd det…