- Vi bør slå oss saman med Ålesund og bli ei storkommune. Det er mitt ønskje, seier noverande ordførar i Skodje kommune, Dag Olav Tennfjord til smp.no.

Smp.no vitjar ordførarkontoret etter tips om at der sit ein kar og bit neglar der.

- Hehe, nei, det gjer eg nok ikkje, men spanande er det, seier Tennfjord.

- Du er altso villig til å ofre ordførarklubba og ordførarkjedet for Ålesund?

- Ja, posisjonar skal ikkje kome i vegen for kva som er best for folk flest, meinar ordføraren.

- Dette er ein skjebnedag for deg, kva tankar har du?

- Eg tenkjer at det er viktig at politikarane lytter til folket. Her i Skodje skal vi ha både folkerøysting og innbyggjarhøyring. Vi vonar vi får eit klart svar.

- Kva med di eiga rolle?

- Eg er ikkje yrkespolitikar, så eg klarar meg godt. Eg tar med meg mykje god erfaring.

Ordføraren er klar på at ei storkommune er personleg førsteval.

- Vi har og eit anna alternativ i Storfjord storkommune, om innbyggjerane heller vil dit i framtida.

Han peiker på at det uansett er ein mindre del av den kommunale organisasjonen som blir berørt av ei eventuell samanslåing.

- Det blir i så fall sentraladministrasjon og rådmannens stab. Tenestetilbodet skal vere som før. Nokre spesialtenester blir sentralisert, seier ordføraren.